Det lakkar til jol og me har som vanleg laga litt i meste laget med pinnakjøt og rudlepylsa. 

Vanlegvis lagrar me dette og serverer utover vinteren men i år har me merka ein aukande etterspurnad etter å få kjøpa desse gode produkta våre, særleg hjå gjester som har ete pinnakjøt her eller fått rudlepylsa til frukosten. Så me tenkjer at me heller vil selja ut ein del til dekan som vil ha godt pinnakjøt og god tradisjonell rudlepylsa, ferdig kokt og vakumert, til jol.

Pinnakjøtet vårt er laga slik me alltid har laga pinnakjøt her på garden, det er utan rygg, lite salta, røykt og hengt til modning i bualoftet. Det er ikkje tørka men modna i ca 8 veker, dette gjev eit saftigare og betre kjøt. Me tilrår ein time med utvatning i kaldt vatn før damping over bjørkepinnar i minst 3,5t.

Pris på pinnakjøtet er kr 330,- pr kg

Rudlepylso er laga av svangane på lamma, krydra med salt og pepar, røykt på oreved, kokte og pressa før dei er vakuumerte.

Pris på rudlepylso er kr 430,- pr kg.

Alt lambaprodukt hjå oss er laga av Vossalamb frå Voss Gardsslakteri på Selheim.

 

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no