Profilering

Det er lenge til me skal opna men me har likevel vald å satsa på å utvikla profilen og starta marknadsføringa av prosjektet. Me meiner at det er svært viktig å vera klar og gjerne ha ein god del tingingar den dagen me opnar.
Profilering er viktig sidan profilen på mange måtar skal visa kva me ynskjer med prosjektet. Me har ingen særleg kompetanse på dette sjølve så me måtte ut i marknaden for å finna hjelp. Heldigvis så kjenner me ei svært dyktig dame som driv med grafisk design og profilutvikling – Bodil Haga. Ho held til på Stord, men avstand er ikkje noka problem i denne bransjen sidan både kommunikasjon og utvikling går via nettet.
Ho har laga logen Store Ringheim, som de ser øverst i denne bloggen. Ho har laga rammene for bloggen vår. Ho har også laga ein førebels faldar som me no distribuerar frå torgbua vår. De kan sjå ho her på docstoc.
Me tykkjer resultatet er både smakfullt og enkelt og viser til det me har tenkt Store Ringheim skal stå for; god kvalitet, gode opplevingar, god atmosfære.
Det kan vera litt skummelt å gå såpass høgt profilert ut men me skal gjera vårt beste for å leva opp til det.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no