– AVLYST –

26.10.22: Sjømathelga er diverre avlyst pga lite oppslutnad. Me prøver på ny til vinteren ei gong, i løpet av februar eller mars.

I samarbeide med kokken Arthur frå Sjel & Gane i Eidfjord, og Domstein Sjømat, INVITERER me til ei helg med SJØMAT på menyen i Restaurant Flor’n!

Fredag 28. og laurdag 29. oktober, frå kl. 17.00 – 23.00. Kjøkenet stengjer for servering kl.21.

No på denne tida er kvaliteten på fisk & sjømat på sitt beste. Drøym om sommar, sol og svaberg med ferske reker – og nyt god sjømat i Restaurant Flor’n med fyr i peisen og god stemning!

Me har sett saman ein SMAKSMENY som inneheld det beste av sesongens fisk & skaldyr for denne helga:

  • Krema sjøkrepssupan
  • Nylaga røykjelaks av Villaks frå Namsen, med posjerte egg
  • Steikte ferske giga kamskjel med blomkålkrem
  • Ovnsbakt kveita med eplasos av eple frå Voss
  • Myrk sjokolademousse & solbær

I tillegg kjem da litt småputl på bordet mellom rettane, bl.a østers.

  • Kr. 890,- pr.person for full smaksmeny med 5 rettar
  • Kr. 690,- pr.person for 3 rettars meny

Det vert sjølvsagt mogleg å få «vanleg» haustmeny med kjøt og anna godt desse kveldane om du ikkje er så glad i sjømat.

Med hjelp frå Moestue set me i hop ei god vinpakka som høver til maten.

Ynskjer du ein kveld eller ei helg utanom det vanlege med både sjømat i restauranten & overnatting, så gjev me 10% rabatt på rommet den natta. Kontakt oss på e-post for bestilling.

Posta i