Vårfest eller sommaravslutting

Våren er her og sommaren nærmar seg, dei ljose tidene er komne og me får endeleg vona me ikkje har brukt opp finaveret for resten av året:)

Det er etterkvart tid til å tenkja på vårsamlingar og sommaravslutningsfestar.
I fjor hadde me mange kjekke samlingar og lystige lag i mai og juni og det ser ikkje ut til å verta mindre i år – tvert imot.
Så om de går med planar om ei kjekk samling med vener eller arbeidskameratar så er den beste staden å halda det her hjå oss med god mat, god drikke og rikeleg med plass både ute og inne – og kortaste vegen vert det og for dei fleste her me ligg midt mellom bygdebydn og fetlingane:)

Men, det er byrja å tetna seg litt til på dei mest populære dagane så det kan kanskje vera ein god ide å ta kontakt og reservera plass – detaljane kan me ta seinare:)

 

Posta i