Von i hangande snøre

Jaudå, dei seier so. Med omsyn til det manglande avkøyrsleløyvet så har det vist seg at alle som hadde med saka å gjera enten er på ferie eller fråverande, litt frustrerande.
Men omsider fekk eg tak i ein gasta kar frå vegstasjonen i Odda som vil ta tak i saka slik at me kan koma litt lenger, signe han. Han kjem på synfaring i morgon slik at me kan verta einige om korleis me skal gjera det, ny søknad vert send og forhåpentlegvis skubba kjapt gjennom systemet sidan saka allereie ligg inne og so….kan me omsider byrja.
So til alle dykk som spør om kortid me vert ferdige – vel me veit ikkje enno men truleg før sommaren.

Posta i