Leilighet med 2 soverom i 2. etasje i Villa Hjadlane

Frå 7. juni 2023 er vårt siste tilskot i Store Ringheim Apartment, Villa Hjadlane, klar for utleige. I fyrste omgang med 2 store leiligheter. Villa Hjadlane har adresse Hjellane 2, rett nedom Store Ringheim hotell & restaurant.
Den nyrenoverte leiligheten i 2. etasje er lys, romsleg og moderne. Leiligheten har 2 soverom, med plass til 4 personar. Soveromma vert innreia med kvalitetssenger og gode overmadrasser for ei god natts søvn. Begge soveromma vil ha dobbelseng, der både sengetøy og håndklær er inkludert i leigeprisen. Alt med hotellstandard.
Stova vil vera ljos og triveleg, med komfortable møblar, tv og gratis Wifi inkludert. Kjøkenet vert fullt utstyrt med det ein treng for eit komfortabelt og hyggeleg opphald. Spiseplass på kjøkenet. Utgang til ein stor veranda frå hovudsoverommet, ein perfekt plass til å nyta både utsikta og ettermiddagskaffien. Leiligheten vil og ha eit nyrenovert bad vask, toalett, dusj, og vaskemaskin.
Felles inngang med leilighet i 1. etasje. Parkering for 1 bil i tunet. Ingen kjæledyr.
Pr i dag har me kun booking av leiligheter i Villa Hjadlane via booking.com eller ved å kontakta oss på e-post.
Me arbeider med å samla all overnatting, både hotell & apartment, gjennom eit felles bookingssystem.
Dette håpar me at er på plass om ikkje lenge.

