Lokal mat – vår matfilosofi

Bærekraftig mat - frå åker til bord

border

Me likar å laga mat av gode og ferske råvarer. Me produserer ein god del sjølve, - resten hentar me mest mogeleg lokalt frå flinke produsentar som leverer den gode kvaliteten me ynskjer å ha. Me likar oss ute i naturen - og me sankar sjølve urter, sopp og bær som me brukar i maten vår.

Hjå oss vert alle rettar laga frå botnen av. Dette gjer at me veit alt om kva som er i maten me lagar og serverer. Dette gjer og at kjøkenet vårt er svært fleksibelt.

Me lagar sjeldan lokale spesialitetar, men om det er ynskje for det så lagar me det sjølvsagt - og då av det beste av gode lokale råvarer.

Kort sagt så likar me å laga god mat til deg.

LOKALE LEVERANDØRAR til Store Ringheim:

  • Larsastova i Folkedal leverer lam, okse og gris
  • Smalahovetunet leverer smalahove
  • Skåramat leverer Skårakorv og røykte spesialitetar
  • Lise Nilsen leverer urter og sopp
  • Hardanger Saft og Siderfabrikk leverer eplemost, sider, eplelikør og Eplebrennevin
  • Finnegarden leverer frukt og grønsaker
  • Jarl Håkon Gjerde leverer frukt og grønsaker
  • Vossasmøret

Store Ringheim Gardsmat

border

Det som me ikkje nyttar sjølve i hotell- og restaurantdrifta vår, ja de sel me gjennom Store Ringheim Gardsmat og vår vesle gardsbutikk. Me har ein nettbutikk i kjømda her på den nye heimesida vår. Når den er oppe og går så vert det ein litt betre oversikt på kva me har å by på til einkvar tid - og ikkje minst så vert det enklare å bestilla god gardsmat.