Spørsmålet dukkar opp kvart år – kva skal me gje til nokon som har alt dei treng? Eit godt råd er å gje ei oppleving, det både gledar og fyller ikkje opp i huset:)

Ei oppleving kan vera så mangt, er du eit barnebarn er det ingenting som gledar bestane meir enn ein dag i saman, det same gjeld om du er eit barn sjølvsagt:) Ein lur ektemann prøver å finna på noko romantisk i saman med kåno, kånene kan godt gjera det same og, i det heile handlar det om å gjera noko i saman med dei du er glad i.

Og kva har det med Store Ringheim å gjera? Jau, det skal eg sei deg, me kan stå for råmene rundt denne opplevinga, me kan gje ro og fred og god atmosfære, god mat og koselege omgjevnader. Me sørgjer for at alt de har å gjera er å kosa dykk i lag.

Gje eit gåvekort på eit opphald eller ein kveld med middag hjå oss, det er ei kjekk gåve å få:)

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no