Å huka seg innom døra og sessa seg til bords for å njota god mat av overfloda om hausten er eit av høgdepunkta med denne litt mørke årstida. Og me fyrer sjølvsagt i peisen for: «Eld han tarv som inn er komin, um kne kulsar..»

Om ikkje dette er freistande nok i seg sjølv har me nokre godbitar klar:

  • 11.09. Kjem Henning Dolve og held ein «smakeverkstad», det skal smakast på seks vinar men ulikt ei vanleg vinsmaking er poenget her at kvar vintype skal matchast med grunnsmakane søtt, surt, salt, bittert og umani for å sjå kva som passar til kva, det er nemleg ikkje likagyldig kva vintype ein drikk til maten. Lærerik og morosam kveld vin og smakguru Henning Dolve til kun kr 350,-pp
  • 16.10. Kjem sjølvaste Herve Bache Gabrielsen her ilag med leiaren for Bache Gabrielsen i Noreg på vitjing. Dei har med seg 6 ulike cognacar frå Bache G sitt utvalg som skal smakast under eit ca 90 min foredrag om cognac og Bache Gabrielsen. Dyraste flaska ligg i overkant av kr 2500..
  • Prisen for heile stasen med foredrag og cognac (6X2cl) er kun kr 350,-pp eller faktisk rimelegare enn cognacen åleine kjøpt i baren.
  • Her er det avgrensa med plassar.

Det er også meir på gang som me kjem attende med med det første.

Alt kan tingast på 95406135 eller post@storeringheim.no

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no