Om du trur det eller ei så er jola snart i kjømda og her på Store Ringheim er me allereie godt i gang med å førebu oss.

Kvar veke kjem det inn nydeleg kjøt av Vossalam frå Voss Gardsslakteri på Selheim. Dette vert fagmessig partert og endar opp som lambafilet, braiseringskjøt, rudlepølse og pinnakjøt. Me saltar og røykjer alt pinnakjøtet til både jolabord og salg sjølve her på garden. Me saltar moderat, røykjer passeleg og tørkar litt for å få fram saftig og møyrt pinnakjøt som ikkje treng vatnast over natta.

I år vil me sjølvsagt fortsetja som me har gjort før med middag servert ved borda i stadenfor buffet men me har snobba opp litt så me har heile fire rettar jolamiddag i stadenfor tre rettar. Så det vert ein forrett, ei servering pinnakjøt og ei servering svineribbe til hovudrett før me rundar av med dessert og kaffi til slutt.

Noko for alle, og så herleg då, å kunna sitja i ro og mak og verta servert i staden for å springa att og fram til ein buffet:)

Før maten serverer me som før ein aperitif av sider eller eplamost frå Ulvik når de kjem, hugs berre å setja av ein halvtime til drøs før maten startar kl 19.30.

Etter maten lagar me til det største rommet til dans og fest til utover i dei små timane før det tek slutt seinast kl 03.00 og alle kan gå heim til litt velfortent søvn:)

Og alt dette for berre kr 690,- pp

Om det høyrest ut som ei god oppskrift på eit hyggeleg jolabord kan det tingast på 95406135 eller booking@storeringheim.no

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no