Årets pinnakjøtfest går som vanleg av stabelen Skjærtorsdag, i år er det 24.03.

Då skal me tradisjons tru eta opp restane av pinnakjøtet frå i fjor, og sanneleg er det ikkje litt att:) Nåja, me lagar alltid litt meir enn me reknar med å få selt slik at det er litt att til Skjærtorsdag og.

Me pleier å ha ein triveleg fest med litt underhald og mykje godt pinnakjøt i lag med tradisjonsdrykk frå Voss – ja, det er faktisk eit øl på marknaden frå Vossabrygg som heiter Smalahoveøl som passar ypperleg til pinnakjøt:)

Set av kvelden, meir informasjon fylgjer med det første når alle bitar for kvelden fell på plass. Det vert ein fantastisk triveleg kveld:)

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no