valentines-day-wallpaperValentindagen, dagen då vona er ljosegrøn, hjarta banker heftig og lysta til å gjera noko spesielt for ein ein er glad i er påtrengande sterk.

Det er sjølvsagt endå ein Amerikansk skikk me har teke inn her i landet som morsdag, farsdag og Halloween men denne har faktisk noko føre seg. Det er litt lurt å setja av litt tid til å pleia kvarandre i ein travel kvardag, tid til å eta litt god mat på ein romantisk stad, sjå kvarandre litt ekstra djupt i augo slik ein gjorde då forelskinga herja som verst, rett å slett vera litt kjærastar nokre timar att.

Og her kan me hjelpa…me har allereie ein romantisk restaurant og denne kvelden skal me gjera han ekstra in og romantisk. Me har allereie god mat men denne kvelden skal me leggja oss ekstra i selen og me har laga ein uslåeleg Valentinmeny.

Så no er det opp til dykk, gutar og jenter som vil overraska dykkar kjære med ein uforgløymeleg kveld, ta kontakt med oss så riggar me eit speielt bord til dykk der de kan kosa dekan med mat og godt selskap med kvarandre.

Me har dette tilbodet både laurdag 13.04 og sundag 14.04.

Valentinmeny

Aperitif: Prosecco

Gratinert østers

Krema raudbetesuppe

Steikt breiflabb

Blåbærgranitè

Grilla biff av Vestlandsk Fjordfe

Hemmeleg romantisk dessert

Kr 650,- inkl aperitif

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no