Møter, kurs & konferanse

Møter, samlingar, kurs, konferanse & workshop

border

Velkomen til gards der du møter ei anna verd, eit hus med sjel, rustikke tømmervegger, fine detaljar og ei roleg atmosfære. Nye og uvanlege omgjevnader gjev inspirasjon og grobotn for nye tankar, nye perspektiv.

Ei samling på Store Ringheim handlar om å ha gode arbeidsforhold, få god service og nyta god lokal mat. Alt det andre rundt samlinga tek me oss av, slik at de kan konsentrera dykk heilt om det som de kjem hit for.

Nede i Smalaflor'n kan de vera inntil 40 personar og oppe i Tømmerstova inntil 20 personar. I tillegg kjem fleire lounge- og mingleområde.

Våre standard møtepakker dekkar dei fleste behov og inkluderer det de treng for å gjennomføra ei god samling; lokale, teknisk utstyr, mat og drikke, - samt overnatting i vårt boutiquehotell. Me skreddarsyr gjerne møtepakker ut frå dykkar ynskje og behov.

Kombiner gjerne ei samling hjå oss med nokre av dei mange aktivitetane Voss har å by på. Gje oss ein lyd om me skal hjelpa med tips, booking osv.

Smalaflor'n inntil 40 pers. • Tømmerstovo inntil 20 pers.

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135

border

Våre standard pakker

border
storeringheim_restaurant_meny_7698

Dagpakke med lunsj

border

Konferanserom med interaktiv skjerm, video, lyd og høve for fjernmøte. Prosjektor, flip-over og sjølvsagt trådlaust nett.

Pausemat, kaffi, te, vatn, frukt og ein 2-rettars varm lunsj av lokale og ureiste råvarer.

storeringheim_restaurant_meny_4210

Dagpakke med lunsj & middag

border

Konferanserom med interaktiv skjerm, video, lyd og høve for fjernmøte. Prosjektor, flip-over og sjølvsagt trådlaust nett.

Pausemat, kaffi, te, vatn, frukt, 2-rettars varm lunsj og ein 3-rettars middag laga av det beste av lokale og ureiste råvarer.

Falkeblikk - Store RIngheim D850_7228_WEB

Døgnpakke, frå lunsj til lunsj

border

Konferanserom med interaktiv skjerm, video, lyd og høve for fjernmøte. Prosjektor, flip-over og sjølvsagt trådlaust nett.

Pausemat, kaffi, te, vatn, frukt og ein 2-rettars varm lunsj begge dagar. 3-rettars middag laga av det beste av lokale råvarer, - og overnatting med ein god heimelaga frukost.

Treng de eit lite avbrekk i økta så er det mange spanande aktivitetar i nærleiken, slik som til dømes Voss Vind og Voss Rafting. I samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri/Voss Bryggeri og sjefsbryggar Rune Midttun så arrangerer me på førespurand "Ølsmaking med noko attåt".

Sjå elles meir under "opplevelser" på Voss, eller spør oss om råd og tips.

border

Overnatting - boutiquehotel

border

Me har 15 unike & særprega hotellrom i vårt vesle boutiquehotell. 6 historiske rom i "Gardshuset" og 9 meir moderne rom i "Reiskapshuset". Totalt gjev dette 33 sengeplassar om de vel å dela rom.

Ynskjer alle enkeltrom og de er fleire enn 15 personar, så kan me og tilby overnatting i leiligheter i Villa Hjadlane. Der har me 2 leiligheter med 2 soverom kvar. Sjå meir informasjon under overnatting apartment.

Trengs det fleire rom utover dei me har, så samarbeider me med dei andre hotella i sentrum når det gjeld overnatting i samband med møter/kurs/konferanse. Me ordnar då skyss til/frå utan at dette kostar dykk noko ekstra.