Bryllup

Brudlaupsfeiring på Store Ringheim

border

Store Ringheim er ein perfekt stad til å halda både små og større brudlaup. Har brudlaupet over 50 gjester, så kan de få disponera heile huset utan forstyrringar av noko slag (unnateke middag til ev. hotellgjester som ikkje tek del i brudlaupet.)

 

I Smalaflor'n har me lagt opp til at me kan dekkja bord for inntil 90 personar, alt etter bordoppsett og ynskje. I Restaurant Flor'n kan me dekkja opp for inntil 45 personar og i Tømmerstovo inntil 32 personar. I sommarsesongen kan og hagestova ute på terrassen nyttast som brudlaupslokale.

Når de feirar brudlaup her hjå oss så disponerer de eit eige rom til gåver. Dette rommet kan låsast av etter dykkar ynskje og det treng ikkje ryddast før dagen etter.

Vigsla kan føregå her hjå oss på Store Ringheim, inne i løa eller ute i hagen/tunet. Det er og mange andre flotte stader i bygda der vigsla kan føregå - og sjølvsagt i Vangskyrkja frå 1277, ei av dei mest romantiske kyrkjene i landet.

Me vil alltid strekkja oss langt for å gjera denne største dagen i livet dykkar til ein minnerik dag. Me har ulike pakkeløysingar for brudlaupsfeiring her hjå oss (kontakt oss på e-post eller telefon for prisar m.m.). I pakkene våre er det inkludert eit førebuande møte, der me saman syr i hop eit opplegg som passar dykk perfekt. Deretter sørgjer me for at det vert ei saumlaus gjennomføring. Det skal vera sutalaust å ha brudlaupsfeiringa si her hjå oss på Store Ringheim.

Tunet og hagen vår gjev mange flotte bakgrunnar for brudlaupsfoto, så ta gjerne med fotografen hit og få ekstra gode minne frå ein spesiell dag i livet dykkar.

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135

border

Våre brudlaupspakker

border
bryllup-pixabay-1571668_web

"Skikkeleg brudlaup"

border

2 glas Kvasshovden eller husets prosecco til velkomstdrikke.

3 rettars middag, med meny ut frå sesong og etter avtale.

Vinpakke med utvalde vinar til middag, 4 glas inkl. dessertvin.

Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker. I glas huset konjakk/baileys/Apal likør.

Snacks.

Betasuppe med brød til nattmat.

bryllup-pixabay-2081129_web

"Heilt topp brudlaup"

border

2 glas Kvasshovden eller husets prosecco til velkomstdrikke. Fingermat.

4 rettars middag, med meny ut frå sesong og etter avtale.

Vinpakke med utvalde vinar til middag, 4 glas inkl. dessertvin.

Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker. I glas huset konjakk/baileys/Apal likør.

Snacks.

Saltmat eller ein god gryterett med brød til nattmat.

bryllup-pixabay-2593723_web

"Dagen før dagen"

border

Grillfest med grilla svin og pølser, salatbuffet og brød.

Sal av drikke med og utan alkohol i baren.

De disponerer uteplass med terrasse, ei lun hagestove og hagen heile ettermiddagen/kvelden. 

 

"Dagen før dagen" er ei ekstra hyggeleg start på brudlaupsfeiringa, der ein har mange tilreisande gjester. 

 

 

Alle våre pakker inkluderer:

Eit førebuande møte, eige lokale, tillaging, pynt og oppdekking med tøydukar, serviettar, blomevasar med blomar, levande ljos, lydanlegg, flygel, kokk, mat, servering, servitørar, opprydding og vask etter festen

border

Vigsle

Vigsle på Store Ringheim, inne i løa eller ute i hagen. Kontakt oss for meir informasjon & pris.

border

Bryllupssuite & overnattingsgjester

border

Hjå oss kan de leiga heile anlegget for dykkar brudlaup - med lokale for brudlaupsfeiringa og overnatting får både brudepar og brudlaupsgjester. Slik kan de få ei ekstra flott tid saman i ro og mak, utan stress - og med det skapa unike minne frå ei heilt spesiell livshending.

Me har 15 unike & særprega hotellrom i vårt vesle boutiquehotell. 6 historiske rom i "Gardshuset" og 9 meir moderne rom i "Reiskapshuset". Totalt gjev dette 33 sengeplassar. Det er mogleg å setja inn ekstraseng på nokre av romma.

"Eldhuset" er det mest spesielle rommet vårt - og er det som me nyttar som brudesuite og til romantiske opphald.

Hugs at innsjekk hotellrom er frå kl. 16.00. Me kan ikkje garantera tidleg innsjekk, så om de ynskjer å ha tilgjengelege hotellrom så må desse bookast frå fredag av ved brudlaup laurdag.

Som eit supplement til vårt boutiqehotell, så har me og 5 leiligheter for utleige. I Villa Hjadlane, rett nedom Store Ringheim, er det 2 leiligheter med 2 soverom kvar - totalt 8 sengeplassar. I Villa Solberg, lokalisert ved Voss sentrum, er det 2  leiligheter med 2 soverom og 1 med 3 soverom - totalt 14 sengeplassar. Meir informasjon finn du under "overnatting".

border

"Velkomen heim til ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine detaljar og ei heilt spesiell atmosfære"

border