Selskapsmenyen vår tek omsyn til at ikkje alle likar rosasteikt kjøt eller gjennomsteikt filet. Me brukar i staden andre deler av dyra og braiserer dei i 4-5 timar i kvitvin eller raudvin, dugeleg gjennomsteikt og dugeleg smaksrikt og møyrt:) Alt kjøt er lokalt og kjem frå Voss Gardsslakteri på Selheim.

De kan setja samn tre eller fleire rettar etter eige val, om de har lyst på noko som ikkje står her kan det sikkert ordnast,

Prisar for mat og selskap i eige rom: 3 rettar kr 575,-    4 rettar kr 675,-  5 rettar og oppover kr 70 pr ekstra rett. Born under tre år fritt og born mellom tre og tolv halv pris.

Prisane inkluderer alt; eige rom, oppdekking til selskap, servering, rydding etc – ein pris – oversiktleg og greitt.

 

Selskapsmeny

 

Forrettar

 

Skinke frå Store Ringheim med eplesalat

Heimalaga akevittgrava laks med potetsalat og sennepsdressing

Posjert laks med ertepuree og sennepssaus

Suppe

Hovudrettar

 

Kvitvinsbraisert Vossalamb med honningglaserte rotgrønsaker, poter og kvitvinsaus.

Raudvinsteikt okse frå Selheim med grønsaker, poter og raudvinsaus

Laangsteikt svinenakke med grønsaker, poter og ølsaus

Ovnsbakt laks med grønsaker, poter og beurre blanc

Dessertar

 

Sjokolademousse og bær

Heimalaga creme brule

Div ostekake med jordbærkuli, sorbet og bær

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no