Det er noko eige med å eta rotnorsk mat som Smalahove og røykt pinnakjøt i eit koseleg rom i ei gamal løa. Det er sjeldan ein kjenner seg meir Norsk enn nett då.

Me er gode på mat laga av lam, og godt er det sidan det vert produsert så mykje lam på Voss. Og ja, me serverer berre lamb frå Voss og Indre Hardanger som me får hjå Larsastovo Gardsslakteri i Folkedal

Smalahova får me frå Smalahovetunet, all annan tradisjonsmat som pinnakjøt, rudlepylsa, røykjekjøt, korv osv lagar me sjølve her på bruket etter gamle oppskrifter frå garden. Her vert det ikkje juksa, men salta og røykt på oreved og deretter hengt til modning, fenalåra heng til gauken gjel om våren som dei skal gjera.

Jolaborda våre er også spesielle. De vert ynskt velkomne til gards med eit godt glas sider frå Ulvik, deretter er det småprat og kos til bordseta startar ein halvtime etter. Me har ikkje buffet med alt for mykje mat. Nei, me serverer ein god tre rettars jolamiddag der det er hovudretten er med heimalaga pinnakjøt og tradisjonell svineribbe med sprø svor – dette mettar dei fleste, og så er det vel koseleg å sitja i fred hjå bordet medan ivrige tenestefolk svirrar rundt og serverer.

Måltidet vert runda av med ein god kopp kaffi til desserten. Deretter er det tid til å kosa seg med gode samtalar med vener og kollegaar og kanskje nokre glas øl eller vin til før veitla avsluttast over midnatt, det vert ikkje dans eller slikt no i Covidtidene men det vert likevel ei veitla til å minnast.

Hjarteleg velkomne

Contact us

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no