Sommar i Restaurant Flor’n!
Skrive av Svein | July 2024
Me skriv midten av juli og me er komne godt inn i ein travel sommarsesong. I Restaurant Flor’n har me ope for ala carte kvar dag ut september.
Ta turen til Store Ringheim for ei smakfull oppleving saman med famile, vener og kollegaer. Nyt gode rettar frå vår sommarmeny i ei roleg atmosfære inne i Flor’n. Eller kanskje de ynskjer å nyta måltidet ute i hagestova, med utsikt til hagen og fjella i kring oss.
I Restaurant Flor’n byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & ureiste råvarer. Menyen vår er ikkje den største, men me har alltid noko godt å velja mellom enten de ynskjer kjøt eller fisk til hovudrett. Vanlegvis skiftar menyen vår jamnleg, men i sommarsesongen prøver me å ha ein litt meir «fast» meny. Nokre rettar vil likevel variera utover sommaren, men dette vil nok mest gjelda forrettane. I tillegg vil ein del av rettane endra seg både i smak og utsjånad gjennom sommaren, – spesielt med tilbehøret då me brukar det som er tilgjengeleg av gode råvarer den aktuelle dagen.
Me likar det rustikke, med fokus på den gode smaken, samstundes som den skal vera like god for auga som for ganen. Alle rettane i si heilheit er sjølvsagt laga frå botnen av på vårt vesle kjøken.
Restaurant Flor’n er ope kvar dag frå kl. 17.00 til 23.00, medan kjøkenet stengjer for nye bestillingar kl. 21.00.
Bordtinging: t. 954 06 135 eller e-post
Me tykkjer det er best for alle partar om du tingar bord på førehand, sjølv om det ofte kan gå greit med drop in. Men då me ofte har større grupper og selskap hjå oss, så kan det fort verta fullt på visse tidspunkt og dagar.
Velkomen heim til Store Ringheim, staden for dei gode opplevingane!