Osafestivalen – ei helg med musikk, røter og råskap

StoreRingheim_dekorelement_svart

Bu godt på hotell og få 20 % rabatt på festivalpass

I samband med Osafestivalen ynskjer me på Store Ringheim Hotell å tilby ei kraftfull oppleving for deg som vil kombinera musikk, kultur og komfort.

Osafestivalen er ein tradisjonsberar innan norsk musikk- og kulturarv. Festivalen samlar nokre av dei fremste utøvarane innan folkemusikk og klassisk musikk, og byr på konsertar, samtalar og møte mellom menneske – alt i dei vene omgjevnadane på Voss. På hotellet vårt bur du i historiske bygningar med moderne komfort midt i det vestnorske kulturlandskapet. Etter ein dag med musikk og inntrykk kan du senka skuldrene, nyta god mat og vin i restauranten, og lada opp til neste festivaldag.

Korleis bestille?

Du bestiller rom som vanleg i bookingløysinga vår, og skriv gjerne ein kommentar om at du ynskjer pass til festivalen.