Floren

Floren, eller fjøset, er ikkje like gammal som resten av løa. Han vart bygd på slutten av førtitalet og avløyste den gamle tømmerfloren som sto for seg sjølv aust for løa. No var floren 55år gammal og etter kvart sørgeleg utdatert sjølv om forrige generasjon hadde oppdatert til røyrmjølk og forbrett i staden for spannanlegg og høykrybber. Nye retningslinjer for båslengder og anna gjorde at me dreiv meir som på nåde dei siste åra me hadde kyr, nybygg var heilt uaktuelt sidan kvoten på garden var i minste laget.
Me gjekk difor laus og vaska han ned og demonterte alt utstyr. Noko vart selt, mjølkeanlegget for til Honningsvåg på Stadtlandet der det sikkert er i full bruk den dag i dag. Resten vart sett til sides og vert vel sikkert kasta med det første sidan det ikkje er nokon som er interesserte i å kjøpa det.
Det var litt vemodig å gjera dette, det markerte slutten på mange generasjonar med dyrehald og mjølkeproduksjon på garden. Det er etter kvart mange bønder som opplever dette no, alt skal vera så stort og mat skal vera så billig – me får vona dei veit kva dei gjer dei som styrer dette…
Etter at alt var demontert måtte me fjerna ein god del betong på golvet. Golvet var oppbygd slik at det først var ei plate på ca 10cm i etasjeskiljet, oppå den var det så støypt på renner, golv, båsar o.a. På det meste i båsane var det 30cm påstøyp. Me kunne sjølvsagt ha støypt opp så me fekk flatt golv men då hadde me kome i konflikt med takhøgda så me måtte nok fint pigga vekk påstøypen og koma oss ned på etasjeskiljet.

Dette byrja me med for fem år sidan med at Ekehaug Maskin gjekk laus med ei lita maskin med pigg, dei vart ikkje heilt ferdige før me la det på is for fem år sidan så Hansen frå Skutle Betong gjorde ferdig jobben med ein kango hammar i vinter.

Posta i