Ny heimeside!

I juni kunne me endeleg publisera ei flunkande ny heimesida, eller nettside som det heiter når me skal skriva for søkeoptimalisering.

Gjennom ein travel sommarsesong så har me ikkje nådd å koma heilt i mål med alt innhaldet og alle smådetaljar. Det vil koma på plass litt om litt utover hausten. Det viktigaste no er at me faktisk har ei funksjonell heimeside som viser betre kva me faktisk har å by på her hjå oss på Store Ringheim, at sida fristar visuelt med mykje meir bilete og at informasjon som ligg her er oppdatert.

Etter kvart vil me og få på plass ein liten nettbutikk for gardsmaten vår, slik at endå fleire kan få sjansen til å sikra seg god smakfull gardsmat.

Lokalt samarbeide gjev gode resultat – og me er vertfall nøgde med resultat og løysingane desse damene har levert.

Arktitekten bak designet & utforminga er Giske i gb-design.no , i tillegg til innhald og ein del foto. Nettsideløysing & kode er det Silje i Datahove As som er ansvarleg for. Ein stor del av våre flotte bilete er det fotograf Gunn Kristin Monsen som har fanga med sitt unike blikk i samarbeide med prosjektleiar Giske.

Posta i