Opning 1. juli:)

Med atterhald om godkjenning tek me sikte på å opna det minste hotellet på Voss (med god margin) den 01.07.

Då har me bygd i over eit år og er rimeleg fornøgde med å sjå eit ryddig tun utan (kjekke) handverkarar som svermar rundt.

Hotellet inneheld 6 rom; Eldhuset, Kjøkjen, Stovo, Lemmen, Kammerset og Øpstelemmen. Navna har dei etter kva dei heitte før då huset var våningshus for to generasjonar.

Romma er ulike både i storleik og utsjånad. Stovo og Lemmen er romslege rom med trekvite, skurte tømmervegger, vedomn og utsikt utover tunet og Horndalsnuten.
Kjøkjen og Lemmen er mindre med vegger delvis med tømmer, delvis tapetsert eller målt, utsikta her er vestover mot Hanguren.
Øpstelemmen er heila loftet, kvite vegger og tak og med fin utsikt mot hagen og Lundarvatnet/Knostabygda.
Til sist har me perla i huset – Eldhuset. Dette er opprinneleg ei gamal årestove frå første halvdel av 1700 talet. Då eg var liten var det her ein stor peis der det vart kokt og bakt i store porsjonar, litt småskummelt med mørke krokar og svarte vegger. Etter ein kort periode som bad og vaskerom er det no atter ei gamal stove med røykfarga vegger og tak, ljore i taket, peis, himmelseng og bad.
Her har mange generasjonar levd sine liv i glede og sorg så her sit mykje historie i veggene. Eit rom som ikkje finns andre stader.

Straks me har romma ferdige nok vil me leggja ut litt bilete her.

Romma vert leigde ut med frukost, denne vert servert i romantiske omgjevnader i løo, eller halvpensjon.

Me har sendt søknad om å verta med i “De Historiske” og vonar at dette klaffar med det første. Kriteriet for å verta med der er at ein har eit historisk anlegg og høg kvalitet, me meiner me har begge deler.

Skal de til Voss og vil bu standsmessig men i fred og ro kan me kontaktast på 95406135 eller post@storeringheim.no
 

Posta i