Store Ringheim Hotell

Nytt på Voss -eit lite hotell- ei perle er pussa- slik at ho kan skina for alle igjen.

Me restaurerer gamlahuset attende til fordums prakt og byggjer det om til eit lite, sjarmerande hotell med seks særprega soverom; Stovo, kjøkjen, lemmen, kammerset, øpstelemmen og eldhuset er gamle velkjende navn i huset og desse er no vorte namna på dei ulike romma.

Romma vert ulike, somme stader viser dei solide tømmerveggene medan det andre stader vert tapet og måling, fine skal dei verta uansett og kanskje finast vert eldhuset som er ei gamal årestove frå 1700 talet med mykje historie i røykte vegger og tak med ljore i mønet. Skal ikkje sjå bort frå at her er eit hyggeleg skrømt på lur i krokane:)

Kvart rom får eit vakkert flislagd bad med skifer på golva.

I stille og vakre omgjevnad kan du nyta utsikta og eit godt måltid .

Frukosten vert servert i restauranten i løo, nok ein tradisjonsrik stad.

Kort sagt har me flytta komfort og luksus som ein forbind med eit godt hotell inn i verkeleg historiske råmer i det gamle gardstunet vårt.

Me vonar at gjestene våre set pris på staden og likar seg her.
Her er det både stille og fredleg samstundes som det er sentrumsnært – 5min.med bil og 20 min. gange så er du midt i sentrum.

Posta i