Trugetur & overnatting

I samarbeide med Wild Voss tilbyr me i vinter ei kombinert pakke med trugetur på Hanguren og overnatting med middag og frukost hjå oss.

Velkomen heim til gards til eit triveleg vinteropphald på Store Ringheim! Vår vene bygd har mykje å by på, alt frå natur, ulike aktivitetar, kultur og handel. Hjå oss kan du senka skuldrene, nyta roen og freden i det gamle gardstunet vårt. Ro, sjelefred, knasande god mat & hygge er stikkorda hjå oss!

Vårt vesle boutiquehotell ligg sentralt i bygda, men ikkje midt i sentrum, så det kan vera drygt å gå. Me hentar dykk gjerne på Voss stasjon om de kjem reisande med toget.

Pakka inneheld;

• Overnatting & frukost i dobbeltrom

• 3 rettars middag i Restaurant Flor’n

• Guida trugetur på Hanguren med Wild Voss (obs. minimum 2 personar)

Frå kr. 6.750,- for 2 personar i dobbeltrom.

Sjekk tilgjengeligheit/bestilling pakke med trugetur & overnatting

Posta i