Venelag og juleavslutninger / jolaavsluttingar

Er det ikkje kjekt å ta seg ein liten tur ut til ein felles middag og ein koseleg kveld med vener eller kolleger no i førejolstida. Sessa seg rundt eit langbord og eta god tradisjonell jolamat eller kanskje berre god mat..for godt må det vera:)

Me fyrer i peisen, kveikjer ljos på alle bord og vindaugo – skikkeleg lun og koseleg hauststemning, praten flyt lett og venskapsband vert knytte.

Så kjem maten, pinnakjøt, korv, svineribba, medister eller lutafisk om det er jolamat som står på ynskjelista, mat frå selskapsmenyane eller ala carte menyen om det freistar meir, her er noko for alle. Og godt følgje til maten har me sjølvsagt tenkt på men det kan me ikkje gå nærare inn på her..

Om de ynskjer det kan de sitja ei eit eige rom for dykk sjølve, me har den koselege tømmerstova i andra høgda med plass til opptil 30 pers, perfekte rustikke omgjevnader for jolamat og smalahovemiddagar. Storesalen for selskap frå 20 og opp, og bord i restauranten er også eit godt alternativ.

Ta kontakt med oss om de gær rundt og tenkjer på å laga i kjekk jolaavslutning eller eit anna selskap, saman skal me klara å laga eit topp og minnerikt selskap for dykk.