Frosten nærmar seg

I dag var det hektisk aktivitet med å isolera og leggja jern på uteplassen sidan frosten nærmar seg. Ikkje så greitt å støypa på frose underlag veit de..
Me tenkte i vinter som var at me skulle sleppa å kjempa med frosten no men slik gjekk det altså ikkje.
Me har også drive med å tetta att hol og diverse i gamle floren, den er ikkje med på denne søknaden så her kan me driva med litt vedlikehald. Murstein fekk me ved å saga ut opning der det skal verta dør ein gong i framtida. Denne pikka me av den gamle mørtelen på og brukte på ny. Greitt det så vart det både same farge og tekstur.
Forrige veke var me på reiselivskonferanse på Fleischer. Den handla om mat og reiseliv og div anna. Mykje tankevekkande stoff der som me kjem til å ta med oss i det vidare arbeidet.
Særleg interessant var delene som handla om matprofil. Den underbygde i stor grad vår filosofi om å satsa på lokale råvarer mest mogeleg så dette vert spanande – kanskje me treff ein trend?

Posta i