Golv

Etter restaureringa gjekk det omlag fem år før me i fjor haust sette i gang med vidare arbeid i løa. Den tida var nyttig i modningsprosessen til avgjerda om å starta opp med gjestetun.
Det første som måtte gjerast var å støypa golv i første høgda. Til dette arbeidet leigde me inn Skutle Betong, eit svært kompetent lite firma som kan dette med betong.
Som før beskrive var golva grovplanerte og oppfyllte med pukk. Grovplanert og plant viste seg å vera to ulike begrep så det måtte rettast opp ein del. Golvet i den største salen viste seg å vera umogeleg å retta opp samstundes som ein tok vare på takhøgda så det golvet er lagt med litt helling. Andre stader måtte ein gå laus og grava litt att, denne gongen med hakke og spade. Opprettinga vart gjort med store mengder singel som vart tippa inn låvedøra i ein stor haug før han vart frakta rundt og planert inne i dei ulike romma i løa. Deretter kom røyrleggjarar og elektrikarar på plass og la ned naudsynte røyr og trekkjerøyr før det vart finplanert igjen og kompaktert.

Neste trinn i prosessen var å leggja plast og styrofoam (isolasjon) før eg slapp til med å leggja røyr til golvvarmen. Me har lagt opplegg for golvvarme i alle golv så hjå oss skal ingen frysa :). Å leggja desse røyra var overraskande greitt takka vera eit enkelt system me kjøpte hjå Frode røyrleggjar. Det var skinner med spor i som skulle leggjast ut med eit visst mellomrom, deretter var det berre å rulla ut røyra og klikka dei ned i skinnene, snedde! Kva varmekjelde me skal nytta kjem eg attende til seinare, no er det golv.

Etter at me var ferdige med røyrene var det Skutle sin tur att med å leggja armering og ta den siste finpussen før betongbilen dukka opp med pumpe og laaang slange, tida med trillebårer er forbi. Skutlekarane spratt rundt og la ut betong, målte og nivellerte og på eit par timar var det støypt.Litt spesielt var det at det var den kaldaste vinteren på lenge, støypinga måtte gjerast på dagar med temperaturar mildare enn 10 minus og alt arbeidet gjekk føre seg med tjukke varmedressar, lange ull under og diverse anna varmt – fytterakkaren!

Du verden kor kjekt det var å gå i løa på fast golv etterpå, no var det etterkvart tydeleg å sjå kor fint det ville verta når det var ferdig.

Posta i