Haust & jol

Haustsamlingar, selskap, venelag, jolabord og ulike feiringar. Tida går gårt framover og det er mange som no ynskjer å gjennomføra arrangementa som har vorte utsett pga pandemi.

Her hjå oss på Store Ringheim er det passe stort og me byr på ei triveleg råme rundt ulike arrangement.

Selskap, jubileum, åremålsdagar, bryllup, dåp, konfirmasjon, minnestund, venelag, smalahovelag, lagssamlingar, bedriftssamlingar, haustfest, jolabord, jolasamkoma, kurs, møter, samling, workshop og meira til kan de halda her hjå oss.

Me tilbyr ulike pakkeløysingar ut frå type arrangement – og me strekkjer oss alltid langt for å imøtekoma dykker ynskje og behov.

JOLABORD – JOLESAMKOMA

Me tenkjer i same banar som i fjor med jolasamkoma i ei meir nedtona utgåve med mat & hygge i fokus, då det framleis vil vera begrensa kor mange gjester me kan ha i løa. Me vil tilby ei kortreist smaksoppleving der me serverer ein 3-rettars jolamiddag. Det vil seia ein smakfull forrett, hovudrett med heimelaga pinnakjøt og sprøsteikt svineribba og ein herleg dessert med kaffi inntil.

Ynskjer ein kun pinnakjøt, så fiksar me det. Er det ynskje om ein annan 3-rettars selskapsmeny, eller til dømes ein større smaksmeny, ja så fiksar me sjølvsagt det. Smalahove til ditt lag er og eit alternativ, men alt dette må avtalast ved tinging i god tid.

Frå oktober av så er Restaurant Flor’n ope kvar fredag & laurdag. For selskap/samlingar/grupper på min. 10 personar, så held me ope andre dagar/tider om de tingar seinast 2 døgn på førehand.

Kontakt oss på e-post eller tlf 954 06 135

Sjå meir om selskap & arrangement her på heimesida.

Posta i