Kor gamal er løo?

Kor gamalt kan huset vera, det er eit spørsmål sikkert fleire enn me har stilt seg. Det me veit er at løa vart sett opp på den staden ho står no i tida mellom 1860-65. Det var på den tida han tipp oldefar, Peder, snudde opp ned på tunet og lagde eit moderne firkanta tun i stadenfor eit rekkjetun. Han flytta dei fleste husa og bygde ei ny lemstove inntil den gamle røykstova. slik står i store trekk tunet den dag i dag og men det har kome til eit reiskapshus og bustadhuset vårt, og gamlefloren er riven.
Som regel når dei reiv og bygde nytt før i tida vart det som var brukande av det gamle huset brukt på nytt. Noko å læra der kanskje.. I løo ser me tydeleg at ein del av tømro er annleis enn resten, desse stokkane er også merkte med romartal som er eit prov på at dei har vorte flytta. Ein liten oppteljing viser at omlag helvta av løa er laga av tydeleg eldre stokkar, sannsynlegvis frå gamleløa.
Så er spørsmålet då, kor gamal var gamleløa? Ikkje godt å sei sidan det neppe ligg nokon byggesøknad i arkivet frå mellomalderen (enklare då!), men det me veit er at det er eit årstal skore inn i ein ospestokk som er ein del av den eldste delen.
Det står ANO 168(5?).

Det er vel kanskje truleg at dette vart skrive inn då løo vart sett opp på den tid, i så tilfelle er deler av løa over tre hundre år gamal.
Så er sjølvsagt spørsmålet – brukte dei deler av ei eldre løe då og? Tja, sannsynlegvis, men det veit me ingenting om.

Posta i