Nytt golv i løo 3 – laoabrue

Det vart mykje luring og finplanlegging då golvet i løo vart lagt. Me har allereie skrive om svolagolva og laoagolvet, eit anna problem var golvet på laoabrue. Dei ulike utfordringane der var at det skulle vera godt tilgjengeleg sjølv om det var litt bratt, det måtte vera inngang til toaletta i andre høgda av steinsiloen og det skulle sjølvsagt vera tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
Det vart ein god del hedneklaoing (klø seg i hovudet) både på byggmeister og oss heilt til Jorunn fekk ein kjempeide som løyste heile problemet.
Laoabrue vart delt inn i to nivå der det eine var i same nivå som golvet inn til toalettet. Nivåa er så tillaga slik at ein rampe enkelt og greitt kan leggjast ut når rullestolbrukarar er mellom gjestene, så enkelt – så greitt.
David byggmeister berekna og konstruerte før dei dyktige snikkarane hans bygde og laoabrue vart ferdig.

I morgon er D dagen, kanskje neste innlegg varslar at me kan byrja å skriva om notida, det passar fint for me er straks ferdige med det som har hendt.

Posta i