Ølsmaking med noko attåt
Skrive av Svein | April 2024
I samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri kan me by på “Ølsmaking med noko attåt” her hjå oss på Store Ringheim. Dette er eit opplegg me har for grupper, der me etter ølsmakinga serverer ein smakfull 3-rettars middag i Restaurant Flor’n eller i Smalaflor’n.
Ølsmaking med noko attåt & 3-rettars middag:
- Smaking av 3 sortar øl & 1 sort sider
- Litt spekemat frå vår eigen gardsproduksjon
- Historie om ølbrygging i Norge gjennom tidene, kveik og andre spanande fakta servert på vossamaol av bryggjaren sjølv
- Obligatoriske røvarhistoriar medan du nyt smaksprøvane våre
- 3- rettars middag, laga av dei beste lokale & kortreiste råvarene på Store Ringheim vis
Gjeld for grupper ( firma, organisasjonar, vener m.m.) på minimum 12 personar.
“Ølsmaking med noko attåt” er perfekt å kombinera med møte-/kursopphald med jobben, hyttetur med venegjengen eller andre kjekke opphald her i bygda vår. Kontakt resepsjonen for førespurnad om dato, opplegg, prisar m.m.
Posta i News