Pinnasider til jol?

Lamb er komne til oss frå Larsastovo i Folkedal og me er i full gang med nedskjæring og produksjon av mykje godsaker.

Me tek no i mot bestilling på pinnasider til jolamiddagen. Våre pinnasider er utan rygg, dei vert salta, røykt og turka på tradisjonelt vis – slik me har gjort det gjennom fleire generasjonar her på garden. Hausten er og tida for å produsera spekekjøtlår (fenalår), både til vår eige drift og for sal til deg.

Ynskjer du å sikra deg skikkeleg godt pinnakjøt, eller spekjekjøtlår, så lyt me ha bestillinga di i hende seinast 1. november.

Bestilling: e-post

Sjå elles innom gardsbutikken vår her på nett. Her vil det no utover hausten dukka opp meir god gardsmat av ulikt slag. Akkurat no har me fått laga opp nytt parti med rudlepylsa (lammerull) og me har eit større parti med 1 kg pakningar med kjøtdeig frå lokale lamb & hjort. Sistnemde er ikkje kome inn i nettbutikken enno, men send oss ei bestilling via e-post eller ring, så ordnar me det.

Posta i