Sommarrestaurant!

Sommarsesongen er godt i gang hjå oss, og me har no ope kvar dag i Restaurant Flor’n!

Ta turen til Store Ringheim for ei smakfull oppleving saman med famile, vener og kollegaer. Nyt gode rettar frå vår sommarmeny i ei roleg atmosfære inne i Flor’n. Du kan og nyta måltidet ute i hagestova, med utsikt til hagen og fjella i kring oss.

I Restaurant Flor’n byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & ureiste råvarer. Menyen vår er ikkje den største, men for sommarsesongen har me utvida den litegranne slik at du har litt fleire rettar å velja mellom. På sommarmenyen har me og med nokre smårettar. Vanlegvis skiftar menyen vår ofte, men i sommarsesongen prøver me å ha ein meir “fast” meny. Likevel så vil rettane endra seg både i smak og utsjånad gjennom sommaren, – spesielt med tilbehøret då me brukar det som er tilgjengeleg av gode råvarer den aktuelle dagen.

Me likar det rustikke, med fokus på den gode smaken, samstundes som den skal vera like god for auga som for ganen. Alle rettane i si heilheit er sjølvsagt laga frå botnen av på vårt vesle kjøken.

Restaurant Flor’n er ope kvar dag frå kl. 17.00 til 23.00. Kjøkenet stengjer for nye bestillingar kl. 21.00.

Bordtinging: t. 954 06 135 eller e-post

Me tykkjer det er best for alle partar om du tingar bord på førehand, sjølv om det som oftast går heilt fint med drop in. Men då me ofte har større grupper og selskap hjå oss, så kan det fort verta fullt på visse tidspunkt og dagar.

Velkomen heim til Store Ringheim, staden for dei gode opplevingane!

Posta i