Stoda nett no

Gipsing

Her kjem ein liten situasjonsrapport frå kva som går føre seg nett no. Og det er ikkje nett lite, det kryr av folk i løa – røyrleggjar, elektrikarar, lydfolk, snikkarar, målar og sikkert endå fleire, reine maurtua. Me tenkte at når me endeleg kom i gang så hadde me mykje å skriva om her i bloggen, og det stemmer men no har me knapt med tid til å skriva.
Men her er som sagt ei lita oppdatering.

Målaren i full sving

Snikkarane held på med tak og vegger nede, forar ut, legg panel som underlag og gipsar. Elektrikar og lydfolk kavar på med å få på plass heile spaghettien av røyr og leidningar før snikkaren gipsar, har klaffa bra så langt, har ikkje måtta rive nedatt noko heldigvis.
Røyrleggjaren kjempar på for å rekkja å leggja røyrene sine før snikkaren gipsar, går bra det og. Innimellom kjem ventilasjonsmannen med nye feite røyrer som skal stappast vekk i vegger og golv før den same snikkaren gipsar. Og når snikkaren er ferdig å gipsa kjem målaren og sparklar.
Lat da no vera sagt at me har ein snikkar med svært godt oversyn slik at alt glid forbausande bra.
Midt oppi dette står så Jorunn med hendene fulle med å styra og følgja oppsom byggeleiar, og det har også gjenge svært bra.

“Litt snø”

Konklusjonen så langt er at alt er under kontroll og går bra, det einaste me ikkje veit enno er ein ferdigdato men me satsar på å vera operative i byrjinga av juni.
Som de ser av det eine biletet er det den snørikaste og kaldaste vinteren i manns minne, me har vore oppi over meteren med snø på flat mark, svært mykje etter kva me har vore vane med. Det vert svære snøhaugar når ein må brøyta godt ut i tunet slik at alle bilane får plass. Ein annan ting er at uteområdet og kloakkgrøfta måtte utsetjast til klaken går til våren så det kjem til å verta ei hektisk tid før alt er klart til opning.

Her skal vindaugo koma

I går hadde me avisa Hordaland på vitjing, dei laga ein reportasje som kjem på trykk på laurdag. Det vert spanande å sjå kva dei har fått til. Det er uansett bra med litt merksemd no slik at folk vert klar over at tilbodet vårt kjem og at dei no kan til å tinga seg plass.

Stappa veggane fulle av røyr
Litt av bilane i tunet
Røyrleggjaren i sving

Posta i