Uteplassen

Det har vore litt stille her på bloggen ei stund no, bakgrunnen er nok at her på Store Ringheim er det langt frå stille. Det går så det susar dagen lang. Me satsar på å opna ein gong i slutten av juni så tida er knapp.
I dag var det endeleg klart for støyping av uteplassen. Den vart utplanert og forskala rett før vinteren kom i fjor haust, men me rakk ikkje å støypa.
No har han dukka opp att frå snøen og i dag tidleg kom betongbil og lang kranpumpe frå Voss Cement. Snedig reiskap det der, reknar med at trillebåre produsentane gremmer seg.
Det yrte med karar frå Skutle Betong og støypinga var unnagjort på ein augneblink.
No skal det turka ei stund så skal det leggjast skifer og dermed er uteplassen klar til “krymping” med ein liten uskuldig uteøl 🙂

Posta i