Vinter på Voss!

Midtveke • weekend • vinterferie • påskeferie

Velkomen heim til gards til eit triveleg vinteropphald hjå oss på Store Ringheim!

Frå i dag av er me i gang att med ein flunkande ny sesong etter ein månad med stengt hotell & restaurant – der me har fått unna diverse naudsynt vedlikehald og forbetringar, planlegging og ein liten “sommarferie” i varmare strøk der me har fått lada batteria.

På Store Ringheim byr me på 15 hotellrom fordelt på Gardshuset og Reiskapshuset der du bur godt & komfortabelt. Ingen rom er like og alle har ei særegen atmosfære, enten du vel eit av dei historiske romma i Gardshuset eller av dei meir moderne romma i Reiskapshuset. Alle våre overnattingar inkluderer sjølvsagt ein skikkeleg god hotellfrukost for ein god start på dagen.

På dagtid, og 3 kveldar i veka, kan du stå på ski – både oppøve, nedøve eller bortøve hjå Voss Resort. Frå Store Ringheim er det ikkje lange vegen verken til gondolen i sentrum, eller til ekspressheisen i Bavallen. Til Myrkdalen kjem du deg med eigen bil, eller med skibuss kl.10 frå knutepunktet ved Voss stasjon.

Ynskjer du å berre finna roen ute på tur i naturen? Voss har mykje å by på og me hjelper deg med tips, eller du sjekkar ut Visit Voss. Vår vene bygd har mykje å by på, alt frå natur, ulike aktivitetar, kultur og handel. Ynskjer du ein guida tur enten på truger eller topptur på ski? Då anbefaler me Outdoor Norway og Wild Voss som har ulike turar/pakker å by på.

Etter flotte turar og opplevingar på dagtid, så kan du på kvelden senka skuldrene og nyta roen i det gamle gardstunet vårt. Kanskje kosa dykk litevetta med noko god lokal drikke i baren vår, før de tek føre dykk av alt da goda Restaurant Flor’n har å by på.

Ro, sjelefred og hygge er stikkorda hjå oss!

Vårt vesle boutiquehotell ligg sentralt i bygda, men ikkje midt i sentrum, så det kan vera drygt å gå. Me hentar dykk gjerne på Voss stasjon om de kjem reisande med toget.

Booking / sjå våre hotellrom

Posta i