I samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri arrangerer me “Ølsmaking med noko attåt” hjå oss på Store Ringheim. Dette er eit opplegg me har for grupper, der me etter ølsmakinga serverer ein smakfull 3-rettars middag i Restaurant Flor’n eller i Smalaflor’n.
Ølsmaking med noko attåt & 3-rettars middag:
- Smaking av 3 sortar øl & 1 sort sider
- Litt spekemat frå vår eigen gardsproduksjon
- Historie om ølbrygging i Norge gjennom tidene, kveik og andre spanande fakta servert på vossamaol av bryggjaren sjølv
- Obligatoriske røvarhistoriar medan du nyt smaksprøvane våre
- 3- rettars middag, laga av dei beste lokale & kortreiste råvarene på Store Ringheim vis
Gjeld for grupper ( firma, organisasjonar, vener m.m.) på minimum 12 personar.
“Ølsmaking med noko attåt” er perfekt å kombinera med møte-/kursopphald med jobben, hyttetur med venegjengen eller andre kjekke opphald her i bygda vår. Kontakt resepsjonen for førespurnad om dato, opplegg, prisar m.m.
Posta i Nyhende