STORE RINGHEIM APARTMENT

border

Gjennom Store Ringheim Apartment har 2 utleigehus med 5 leiligheter for utleige. Me leiger ut til både korte og lengre opphald, minimum 2 netter. Me nyttar og nokre av desse leilighetene som eit supplement til dei 15 hotellromma me har i vårt boutiquehotell på Store Ringheim.

Villa Solberg ligg i Voss sentrum omlag 5 min i bil frå Store Ringheim, medan Villa Hjadlane ligg rett nedom Store Ringheim. Sjå kartbilete for oversikt og plasseringa til dei ulike apartment husa våre.

Booking for Villa Solberg via AirBnb (link under kvart husvære), eller du kontaktar oss på e-post.

Booking Villa Hjadlane pr. e-post, eller kontakt resepsjonen.

Innsjekk, nøklar og utsjekk er førebels via resepsjonen hjå Store Ringheim hotell & restaurant. 

Innsjekk frå kl. 16.00 og fram til kl. 20.00, utsjekk innan kl. 12.00. 

Store Ringheim hotell og apartment_kart_web_01.3

VILLA HJADLANE med 2 leiligheter

border
Villa Hjadlane, med adresse Hjellane 2, ligg rett nedom Store Ringheim hotell & restaurant. Huset har 2 nyrenoverte leiligheter i 1. og 2. etasje. Leiligheta i hovudetasjen er litt større enn den oppe i 2. etasje. Begge har 2 soverom og alt du treng for eit triveleg opphald. Leiligheten i 2. etasje har soverom nr. 2 ute i trappegangen.
Leilighetene vert utleigd som vanleg sjølvhushald, men med moglegheit for å kjøpa frukost på hotellet. Utleige minimum 2 netter.

VILLA SOLBERG med 3 leiligheter

border
I Villa Solberg har me 3 nyrenoverte leiligheter for utleige, for kortare og lengre opphald. Villa Solberg ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, med ei flott utsikt over Vossevangen og Gråsida. Frå huset er det kun 5 minutt å gå ned til torget, omlag 20 minutts spasertur opp til Store Ringheim og 5 minutt i bil. 
Leilighetene i Villa Solberg vert utleigd som sjølvhushald og for minimum 2 netter.