• Velkomen heim til gards på Store Ringheim

Velkomen heim til Store Ringheim hotell & restaurant!

border

BOUTIQEHOTELL ~ Gardshuset

border

I eit tilsynelatande grått og slite gardshus har me 6 unike og historiske hotellrom. I det gamle Gardshuset frå 1860 er tømra er synleg og romma har fått namn etter det dei vart kalla før i tida.

”Eldhuset”, som er den gamle årestova frå 1600-talet, er det mest spesielle rommet - perfekt for eit romantisk opphald. "Eldhuset"  vert og nytta som brudlaupssuite.

BOUTIQEHOTELL ~ Reiskapshuset

border

Det gamle Reiskapshuset vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne rom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet.

Hjå oss skal du kjenna deg som heime og me synes det er upersonleg at eit rom berre har eit nummer. Difor har alle dei 9 hotellromma i Reiskapshuset fått namn etter fjella som ligg ikring oss her på  Voss.

storeringheim_hotell_reiskapshuset_005
Storeringheimhotell_restaurant_meny_01.1

RESTAURANT FLOR’N

border

Sommarsesongen er i gang og me har ope kvar dag!

MANDAG - SUNDAG

kl. 17.00 - 23.00 (kjøkken til 21)

Bordbestilling.

Ope for grupper på minimum 10 personar til andre dagar og tidspunkt, ved førehandstinging minst 2 døgn på førehand.

VÅRE SELSKAPSLOKALER

border

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar.

Me har lokale i ulike storleikar å by på; Smalaflor'n, Flor'n, Tømmerstovo og hagestova ute på terrassen.

Storeringheimhotell_selskap_02.1
storeringheim_kurs_konferans_01.1

Møter, samling, kurs & konferanser

border

Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar og perspektiv. I ei roleg atmosfære tilbyr me alt som trengs for å gjennomføra ei god samling: lokale, utstyr, mat, drikke og eventuelt overnatting i vårt boutiquehotell.

Me skreddarsyr opplegg ut frå dykkar ynskje og behov.

Smalaflor'n inntil 40 pers. • Tømmerstovo inntil 20 pers.

OVERNATTING - leiligheter

border

Nytt hjå oss! Gjennom Store Ringheim Apartment har me no 5 leiligheter for utleige, som eit supplement til dei 15 hotellromma våre på Store Ringheim.

Villa Solberg med 3 store leiligheter ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, Voss sentrum. Siste tilskotet, Villa Hjadlane, har 2 store leiligheter og har adresse Hjellane 2, rett nedom Store Ringheim.

Villa.Solberg_blokkbilde_web_8090
storeringheim_gardsmat_01.1

GARDSMAT ~ GARDSBUTIKK

border

Store Ringheim Gardsmat, frå åker til bord!

Me er opptekne av bærekraft og kortreist mat. På garden lagar me ein del tradisjonelle produkt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter.

Produkta våre vert laga med så lite tilsetjing som mogleg - som oftast berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingridiensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat!

GÅVEKORT

border

Gode opplevingar skapar gode minne - og er ei perfekt gåve til alle anledningar! Kva er då betre enn eit gåvekort på ei hotellovernatting og/eller ei smaks-oppleving i Restaurant Flor'n?

Me har våre eigne fysiske gåvekort for sal i resepsjonen. Du kan og kjøpa gåvekort til bruk hjå oss via Givn eller De Historiske.

storeringheim_gavekort_01

Aktuelt & nyhende frå oss

Sommarrestaurant!

26. mai 2023

Sommarsesongen er godt i gang hjå oss, og me har no ope kvar dag i Restaurant Flor’n! Ta…

Les meir

Store Ringheim Apartment

26. april 2023

Nytt hjå oss! Som eit supplement til dei 15 hotellromma våre, så har me no 5 leiligheter for utleige…

Les meir

Ølsmaking med noko attåt

20. februar 2023

I samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri arrangerer me «Ølsmaking med noko attåt» hjå oss på Store Ringheim. Dette…

Les meir