Nyttårsgilde – fredag 31/12

Me ynskjer velkomen til nyttårsfeiring og vårt tradisjonelle “Nyttårsgilde” her på Store Ringheim, med mat & hygge i høgsetet!

Kvar Nyttårsaftan slær me oss lause og lagar ein uforgløymeleg kveld for gjestene våre. Det er ikkje snakk om stor pomp og prakt eller svingande festing, tvert imot, her hjå oss står kos og mat i høgsetet.

Me pyntar Restaurant Flor’n (eller Smalaflor’n) og løa i stemningsfull nyttårspynt, fyrer i peisen og lyser opp med levande ljos og kosemusikk på anlegget slik at alt ligg til rette for å koma i godlag.

Utover heile ettermiddagen held kokkane på og førebur seg til årets mest ekstragavante middag, laga på dei beste delene av råvarene me har fått inn gjennom hausten. Akkurat kva som kjem på menyen denne kvelden, ja det veit me ikkje enno, men det kan vera indrefilet av Vossalam, indrefilet av hjort, hummar frå Sunnhordland, grønsaker frå eigen åker og andre lokale produsentar m. m.

Program for kvelden (koronaoppdatering pr. 15.12)

NYTTÅRSGILDET startar klokka sju med noko spanande alkoholfri drikke til aperitif i resepsjonen og ein halvtimes småprat med kjende og ukjende.

Klokka halv åtte sig me inn i ein varm og lun Restaurant Flor’n, som er nyttårspynta for kvelden. Med fyr i peisen, og med noko god lokal drikka i glaset, så set me oss til bords og er klare for ei skikkeleg god matoppleving.

Den opprinnelege planen var no å by på spanande vinpakker til nyttårsgildet for dei som ynskte da, men slik vert det som kjent ikkje då det framleis er nasjonal skjenestopp denne kvelden.

Men fortvil ikkje, me skal sjølvsagt finna fram gode alternativ med alkoholfri drikke som vil passa godt inntil kveldens festmeny! Når servitørane har fått skjenka i glasa dykkar, ja då er me klar for den fyrste forretten…

Sånn ein fem seks rettar tek si tid, men me er ferdige i god tid før midnatt. Når maten er fortært og ein sit god og mett, då vert kaffien servert medan praten flytt lett mellom gjestene. Kanskje me vert litt meir høglytte då me lyt halda denne meteren, men da går nok bra skal de sjå.

So, sånn litt før tolv lagar Svein klar fyrverkeriet. Når klokka slær tolv tar me med oss eit glas med steikjande god eplemost ut på terrassen og hagen. Der ynskjer me einannan «Godt Aor og Takk Fø da Gamla» på koronavis, medan fyrverkeriet sprakar tilvers både hjå oss og utover bygda. Det er sjølvsagt fint ver:)

Kvelden vert avslutta i ei roleg form – der me ser fram til den dagen då ikkje korona’en pustar oss i nakken heile tida.

Likar du god mat og kan tenkja deg å feira nyttår hjå oss, ja då tingar du bord via e-post eller på telefon til resepsjon/restaurant 954 06 135.

Det vert eit avgrensa antal gjester denne kvelden. Nyttårsgildet vert sjølvsagt gjennomført iht gjeldande smittevernsreglar og restriksjonar. Me forventar og at våre gjester held seg heime om dei skulle ha eit snev av luftvegsinfeksjonar eller er sjuke.

Pr. idag har me ledige rom for langvegsfarande. Sjå meir her på heimesida vår kva me har ledig.

Posta i