Nyttårsgilde – fredag 31/12

Me ynskjer velkomen til nyttårsfeiring og vårt tradisjonelle «Nyttårsgilde» her på Store Ringheim, med mat & hygge i høgsetet!

Kvar Nyttårsaftan slær me oss lause og lagar ein uforgløymeleg kveld for gjestene våre. Det er ikkje snakk om stor pomp og prakt eller svingande festing, tvert imot, her hjå oss står kos og mat i høgsetet.

Me pyntar Restaurant Flor’n og løa i stemningsfull nyttårspynt, fyrer i peisen og lyser opp med levande ljos og kosemusikk på anlegget slik at alt ligg til rette for å koma i godlag.

Utover heile ettermiddagen held kokkane på og førebur seg til årets mest ekstragavante middag, laga på dei beste delene av råvarene me har fått inn gjennom hausten. Akkurat kva som kjem på menyen denne kvelden, ja det veit me ikkje enno, men det kan vera indrefilet av Vossalam, indrefilet av hjort, hummar frå Sunnhordland, grønsaker frå eigen åker og andre lokale produsentar m. m.

Program for kvelden

NYTTÅRSGILDET startar klokka sju med champagne til aperitif i resepsjonen og ein halvtimes småprat med kjende og ukjende.

Klokka halv åtte sig me inn i ein varm og lun Restaurant Flor’n, som er nyttårspynta for kvelden. Med fyr i peisen, noko godt i glaset så set me oss til bords og er klar for ei skikkeleg god matoppleving.

Me lagar sjølvsagt til ei god vinpakke for kvelden for dei som ynskjer det. Me har og eit godt utval i lokal drykk av ulikt slag som passar til maten. Det tredje alternativet er dei alkoholfrie variantane som me og har eit godt utval av. Når servitørane har fått skjenka drikke, så er me klar for den fyrste forretten…

Sånn ein fem seks rettar tek si tid, men me er ferdige i god tid før midnatt. Når maten er fortært og ein sit god og mett med eit lite glas til kaffien, ja då flyt røda lett mellom folk og borda medan gamle bånd vert styrka og nye knytte.

Så, litt før tolv lagar Svein klar fyrverkeriet. Når klokka slær tolv går alle ut på terrassen der me skjenker prosecco eller alkoholfritt. Me ynskjer einannan «Godt Aor og Takk Fø da Gamla» medan fyrverkeriet sprakar tilvers både hjå oss og utover bygda. Det er sjølvsagt fint ver:)

Og no er alle vorte bestevener og pratar som ein hadde kjent einannan heile livet, så går praten livleg til me etter kvart endar kvelden i ei roleg form.

Likar du god mat og kan tenkja deg å feira nyttår hjå oss, ja då tingar du bord via e-post eller på telefon til resepsjon/restaurant 954 06 135.

Pr. idag har me ledige rom for langvegsfarande. Sjå meir her på heimesida vår kva me har ledig.

Posta i