Vossaløe, kva er det?

Ei vossaløe er ein spesiell konstruksjon som har vore svært utbreidd på Voss i eldre tid. Det er ein konstruksjon der løa står på stavar og er såleis ein kombinasjon av tømmer og grindbygg. Grunnen til at di vart utvikla her er nok at det var rikeleg med tømmer på Voss i motsetnad til ytre strøk av fylket. I første høgda der det var grindbygg var det tømra opp ulike florar eller husdyrrom. I eldre tid var ofte kyrafloren plassert for seg sjølv utanfor løa. Inni løa var det så lafta ogg smalflor (sauefjøs), stall og rom til andre dyr. I vår løa var det smalflor, stall og svinhus.
Desse florane var ikkje ein del av løekonstruksjonen og kunne difor rivast og erstattast med nye etterkvart som dei rotna, sjølve løa kunne verta ståande – ret og slett genialt.
Løa var som regel oppbygd med eit konnbrót i eine enden og eit høybrót i andre enden og laoe med laoabru i midten. Rundt løebygningen var det som regel svoler med ulik funksjon. Hjå oss var det ei hakkesvol der me hadde hakka halm etter treskinga, og ei vognsvol der ulike kjerrer sto. Svolen var også viktige på den måten at dei verna konstruksjonane mot ver og vind. Ute var dei som regel kledde med ståande hun eller ukanta bord, desse var i regelen umålte.

På bileta ser de konstruksjonane som er blottlagde då me reinska ut i løa under restaureringa. Her er ein link til docstoc der de kan lasta ned ein pdf med ei beskriving av løetypen.
På det siste biletet ser de smalfloren som stikk ut under tømro etter at me har rive svole.

Posta i