Møkajobb

Møkakjellaren er eit kapittel for seg, ikkje å nemna landkummen. Under floren frå 1950 er det ein støypt møkakjellar og ein landkumme. For dei som ikkje veit kva land er så er det kort sagt kupiss. Florar på den tida vart bygde med såkalla skilt anlegg – dvs at møk og land vart samla i kvar sitt rom. Landet vart så til å byrja med køyrt ut i tønne, senare når det vart tilgang til plastslangar vart det nytta og i den tida eg hadde husdyra brukte eg ei vakuumvogn. Møka vart køyrt ut med hest og slede på ettervinteren.
Men no må altså desse romma vaskast grundig og setjast i stand til nye føremål, mellom anna skal varmesystemet inn der.

Jobben med å saga hol i veggen til landkummen og rehabilitera betongen i møkakjellaren var det Hansen hjå Skutle Betong som tok seg av. I taket av kjellaren er det ein dragar, denne var byrja å verta dårleg og armeringa låg i dagen så denne måtte reparerast, i tillegg var det litt meir knask. Dette arbeidet vart gjort i den kaldaste vinteren på lang tid så me måtte dekka opninga og ha ein varmeovn ståande på, dette førte sjølvsagt til at Hansen lukta heller stramt etter endt arbeidsdag.
Når han saga hol i veggen inn til landkummen oppdaga me at det var tjukk is der inne. Mesteparten av denne tinte me med eit stort tilleggtil årets straumrekning – vifteomnar i eit par veker. Deretter vart mesteparten tømt ved hjelp av vakuumvogna til Lars Aslak Flatekvål. Resten av tømminga skreiv eg om i eit innlegg for ei stund sidan.
Det som står att no er vasking og evnt oppretting og støyping av golv i møkakjellaren. Golvet der er nemlig laga slik at land i møka skulle samla seg i botn på midten og ikkje renna ut, no derimot, treng eg eit plant golv.
Mykje godt arbeid her enno så det er nok ikkje siste gong eg skriv om møkakjellaren.

Posta i