Kurs og konferanse på Voss

StoreRingheim_dekorelement_white

Samle laget i inspirerande omgjevnader

I dei unike konferanselokale våre på vene Voss får laget ro til å samlast og tenkje klart. Med moderne fasilitetar i historiske omgjevnader, lokalmat frå eige kjøken og personleg vertskap, legg vi til rette for inspirerande samlingar og kreative verkstadar som gir varig verdi.

Konferanselokale

Bry deg om det faglege og det sosiale, så tek me oss av resten. Hotellet fasiliterer bruk av konferanserom, diskar opp i restauranten og har klart rom med komfortable senger for dei som ynskjer overnatting. Konferanseromma har moderne teknisk utstyr og det du trenger for kreativ workshops - Interaktiv skjerm, kamera, lydanlegg og flip-over.

border

Høghastighets internett og teknisk konferanseutstyr

Konferansevert

Restaurant med lokale råvarer

Bar

Sansehage

Komfortable senger

Gratis parkering

Gratis transport ved ankomst og avreise

Book heile hotellet - eksklusivt for di bedrift

Ha heile hotellet uforstyrra, berre for deg og di gruppe! Den service-innstillte staben vår får du sjølvsagt med - dei passar på at du alltid har det du treng for å få maks ut av opphaldet på Store Ringheim Hotell og Restaurant.

 

Konferansepakker

Velg frå dei mest vanlege pakkene, eller spør oss om andre variantar! Voss har også eit breitt utvalg av aktivitetar som kan bakast inn i programmet for ekstra lagbygging og inspirasjon - sjekk Visit Voss sommar og vinter. Me er fleksible og kan hjelpa deg å setje saman eit opphald som passar perfekt til di gruppe!

storeringheim_restaurant_meny_7698

Dagpakke med lunsj

border

Få mykje ut av arbeidstida!
Pakka inkluderer:

  • Pausemat, kaffi te, vatn, frukt
  • 2-rettars varm lunsj av lokale råvarer
Design.by.Giske_storeringheim_restaurant_001

Dagpakke med lunsj & middag

border

Bruk heile dagen saman! 
Pakka inkluderer:

  • Pausemat, kaffi te, vatn, frukt
  • 2-rettars varm lunsj av lokale og ureiste råvarer
  • 3-rettars middag av lokale og ureiste råvarer
Design.by.Giske_storeringheim_tunet_reiskapshuset_4927

Døgnpakke, frå lunsj til lunsj

border

Få tid til sosialt samvær
Pakka Inkluderer:

  • Pausemat, kaffi te, vatn, frukt
  • 2-rettars varm lunsj av lokale og ureiste råvarer
  • 3-rettars middag av lokale og ureiste råvarer
  • Overnatting inkl god heimelaga frukost

Voss står samla – klar for store grupper!

På Voss samarbeider lokale aktørar for å skape sømlause og minneverdige opplevingar for større grupper. Sjekk ut Visit Voss sin bedriftsportal, til dømes konseptet Strategisk topptur viser korleis større grupper kan få oppleva det beste av Voss ved å kombinera opplevingar både på Store Ringheim og Elva Hotell.

Boutiquehotellet vårt har 15 unike rom med totalt 33 sengeplassar - i tillegg til leire leiligheiter med enkel- og dobbelrom i gå-avstand. Me ordnar gjerne skyss frå og til Store Ringheim ved bruk av andre hotell - utan ekstra kostnad.