Store Ringheim Hotell tilbyr ei særeigen overnattingsoppleving midt i det vestnorske kulturlandskapet på Voss, med både eit sjarmerande boutiquehotell og moderne utleigeleilegheiter. Boutiquehotellet vårt har komfortable og stilfulle rom, alle med eigne, moderne baderom. I tillegg tilbyr vi fullt utstyrte leilegheiter med kjøkken og god plass, ideelle for familiar eller gjester som ønskjer meir fleksibilitet.

Som gjest hos oss kan du starte dagen med ein smakfull frukost laga med lokale råvarer – servert i vår prisvinnande restaurant. Om kvelden kan du nyte ein heimelaga middag i same restaurant, der me tilbyr sesongbaserte rettar inspirert av lokal matkultur. Her kan du slappa av og nyta smakar frå Voss etter opplevelsesrike dagar.
Leiligheter for utleie


Villa Hjadlane
Nærleik til Store Ringheim Hotell & Restaurant
Villa Hjadlane har adresse Hjellane 2 på Voss, og ligg rett nedom Store Ringheim hotell & restaurant. Leilighetene her vert utleigd som vanleg sjølvhushald, men med moglegheit for å kjøpa frukost på hotellet. Dei 2 nyrenoverte leilighetene ligg i 1. og 2. etasje i huset. Leiligheta i hovudetasjen er litt større enn den oppe i 2. etasje. Begge har 2 soverom og alt du treng for eit triveleg opphald. Leiligheten i 2. etasje har soverom nr. 2 ute i trappegangen. Fleire bilete av leilighetene kjem snart på plass.

Villa Solberg
Sentralt ved Voss Sentrum
I Villa Solberg har me 3 nyrenoverte leiligheter for utleige gjennom Store Ringheim Apartment. Villa Solberg ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, med ei flott utsikt over Vossevangen og Gråsida. Frå huset er det kun 5 minutt å gå ned til torget, omlag 20 minutts spasertur opp til Store Ringheim og 5 minutt i bil. Leilighetene i Villa Solberg vert utleigd som sjølvhushald.