Om oss

Store Ringheim - frå tradisjonell gardsdrift til boutiquehotell, restaurant, selskapslokale & gardsmat

border

Store Ringheim, Gnr 50, Bnr 1, var den største av Ringheims gardane. Han er no delt i tre store bruk og eit utal mindre. Det har sannsylegvis vore drive jordbruk her i meir enn 2000 år.På garden er det eit par gravhaugar og det har vore gjort funn frå jarnalderen.

Garden kom i slekta vår i 1778, då han vart kjøpt av presten Jens Bergendahl. I 1860 vart det bygd eit nytt våningshus, ei lemstova, innåt den gamle årestova (Eldhuset) frå 1600-talet. Samstundes vart tunget gjort om til eit moderne frikanttun med ein gardsplass.

Etter at me gav oss med den tradisjonelle gardsdrifta, måtte me i tenkeboksen om kva me skulle bruka bygningar og jorda til. Etterkvart kom tanken om å arbeida med menneske. Det vart ein lang prosess med planlegging og ikkje minst søknader, før omforminga av tunet kunne ta til.

Etter år med riving, restaurering og bygging, kunne me i juli 2011 opna det som me då kalla eit gjestetun med restaurant, selskapslokale, pub og galleri.

Sommaren 2013 var neste milepæl då me opna vårt vesle boutiquehotell i det gamle Gardshuset, med 6 historiske rom.

Vinteren 2017 auka me romkapasiteten betrakteleg då me tok i bruk det gamle Reiskapshuset, der me no hadde bygd 9 moderne hotellrom.

I april 2019 var det opning av nye Restaurant Flor'n! Nytt konsept, nytt interiør og tilbake til røtene. Vekk med dei kvite dukane og heller spissa det jordnære og rustikke som passar betre i ein gamal flor. Lokal og ureist mat, menyar som speiglar sesong og råvaretilgang - kort sagt bærekraftig og smakfull mat er det me tilbyr gjestene våre.

 

Jorunn & Svein Ringheim, vertskap & eigarar

Store Ringheim Hotell og Restaurant AS, Mølstervegen 44, 5705 Voss

storeringheim_gardsmat_erlend
Store Ringheim_vertskap_jorunn_01
Store Ringheim_vertskap_svein_01

"Velkomen heim til ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine detaljar og ei heilt spesiell atmosfære"

border

Voss, eit midtpunkt i Fjord Norge!

border
  • Med bil frå Bergen: ca 1 time 30 min, ca 100 km
  • Med bil frå Oslo: 6-7 timar, ca 380-420 km, alt etter kva rute du vel. Rv7, E16, Rv52 eller Rv 5.
  • Med bil frå Trondheim: ca 8 timar, 530 km
  • Med bil frå Stavanger: ca 5 timar, 285 km (inkl.ferje)
  • Med tog frå Bergen: 1 time 10 minutt
  • Med tog frå Oslo: 5 timar 25 minutt
  • Med tog frå Flåm: 1 time 45 minutt
storeringheim_gamledagar-01

Historia om Store Ringheim

border

Garden kom i slekta vår i 1778, då han vart kjøpt av presten Jens Bergendahl. I 1860 vart det bygd eit nytt våningshus, ei lemstova, innåt den gamle årestova (Eldhuset) frå 1600-talet. Samstundes vart tunet gjort om til eit moderne frikanttun med ein gardsplass.

Etter at me gav oss med den tradisjonelle gardsdrifta, måtte me i tenkeboksen om kva me skulle bruka bygningar og jorda til. Etterkvart kom tanken om å arbeida med menneske.

Gåvekort - ei minnerik gåve

border

Gode opplevingar skapar gode minne - og er ei perfekt gåve til alle anledningar! Kva er då betre enn eit gåvekort på ei hotellovernatting og/eller ei smaks-oppleving i Restaurant Flor'n?

Me har våre eigne fysiske gåvekort for sal i resepsjonen. Du kan og kjøpa gåvekort til bruk hjå oss via Givn eller De Historiske.

storeringheim_gavekort_01

Følg oss på Instagram

[instagram-feed]