Historia om Store Ringheim

Store Ringheim, Gnr 50, Bnr 1 - frå tradisjonell gardsdrift til hotell & restaurant

border

Soga til Store Ringheim

border

Store Ringheim, Gnr 50, Bnr 1 på Voss var den største av Ringheimsgardane. Han er no delt i tre store bruk og eit utal mindre. Dei andre Ringheimsgardane har tilnavna Nedre, Indre og Vetle.

Ringheim er eit gamalt navn av ukjend opphav sidan Gardane korkje ligg i ring eller mannsnavnet Hringr eller Ring har nokon tilknyting til staden. Det kan heller ikkje koma av at det var ringt (fattigsleg) her sidan det både er god jord og solvendt.

Det har sannsynlegvis vore drive jordbruk her sidan dei første bøndene slo seg ned her for meir enn 2000 år sidan, det er også på garden eit par gravhaugar og det har vore gjort funn frå jarnalderen.

Dei første skriftlege spora frå garden er ei rettsak på 1300 talet der Hollrod på Store Ringheim er part.

Etter svartedauden og framover var garden delvis under kyrkjegodset, eigd av prestenkjer og prestar og driven av forpaktarar. Rundt 1740 vart ein laup av garden delt ifrå til ein medeigar, dette er no bruk nr 2. Bruk nr ein vart seld til stamfaren til noverande brukar, Johannes Olavsson Hole i 1778 frå presten Jens Bergendahl. Han tok så navnet Ringheim.

Han var ein fargerik mann som hadde vore rundt i verda, i skøytet er han nemnd som Danne Mand. Han brende brennevin og hadde opptil 16 anker med brennevin liggjande i loftet på Store Ringheim. Dette loftet står midt i tunet endå.

Eigarar av Store Ringheim i vår slekt:

  • Eigarar i vår slekt:
    • Johannes Olavsson Store Ringheim  1778 - 1802
    • Rannveig Bjarnesdtr (Mølster) Ringheim  1802 - 1822
    • Olav Johannesson Ringheim  1822 - 1833
    • Orlog Johannesdtr Ringheim 1833 - 1848
    • Per Sjursson Ringheim 1848 - 1892
    • Ivar Pedersen Ringheim 1892 - 1897
    • Sjur Ivarsson Ringheim 1897 - 1964
    • Ivar S Ringheim 1964 - 1990
    • Svein I Ringheim og Jorunn F Ringheim 1990 -

 

storeringheim_gamledagar-1
border

Her er eit utdrag frå Kindem si Vossabok om 50 Store Ringheim

Landkommisjonen i 1661 har ført Ringheim upp i tri tun: Undertun, Øvretun og Indre Ringheim. Undertun står under Gullfjordung åttung og dei andre to i Borstrand åttung. Undertun hadde 4 laup 12 mark i skyld, ein brukar. Der var turvande brennefang. Skyldi på Øvretun var 5 laup 18 mark med 3 brukarar. Der var vedaskog og ein liten humlagard. Indre Ringheim hadde i skyld 4 laup og ein brukar. Brennefang var det der og. Matrikkelen av 1723 har Store Ringheim under Gullfjordungen med 3 laup 2½ pund i skyld og to brukarar. Under Borstrand åttung er ført upp Øvre tun, Indre Ringheim og Vetle Ringheim. Sjå um dei gnr. 51, 52, 53. I 1838 heiter det um Store Ringheim at der var noko brennefang. Samanlikningstalet var 1555 og skyld som i 1723. Ho vart i 1838 umskrivi til 10 dalar 1 ort 13 skill.

storeringheim_historie_tunet-32
Bilete 32. Store Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.

I matrikkelen av 1865 er ført upp for Store Ringheim 32,5 mål åker, 6,5 mål dyrka eng, og 77 mål god, 76 mål medels natureng, 47 mål skrap, og dessutan 2¾ mål som var burtleigt. Sumarhamn var der ikkje og vårhamni var so medels. Knapt um vedaskog. Garden var svært lettbrukt, dyrka som vanleg og hadde ingen lunnende. I 1918 var det 351/3 mål åker, 49 mål kunsteng og 77¼ mål natureng.

Folketalet på Store Ringheim var i 1801: 17, i 1865: 19 og i 1920: 68.

Denne garden er ofte skriven for nedre tun i 1700-talet og høyrde til Gullfjordung åttung. Han er i 1691 førd upp med 3 laup 2 pund 12 mark.

Christen Weinwich budde der og brukte garden medan han var kapellan hjå sokneprest Gjert Miltzow. I skattemanntalet 1691 heiter det at personellkapellan Per Torbenson åtte, brukte og budde der på garden. I 1695 åtte Christen Weinwich garden. Knut var då leiglending, men i 1701 er det Arnfinn Andersson, som då var 37 år gl. Store Ringheim er kalla kapellangarden i folketeljingi 1701. Enkja etter Weinwich eig garden i 1714 og 1723. Arnfinn var framleis brukar til han døydde 1728, 62 år gl. Han var gift med Anna Knutsdr., som døydde 1755, 85 år gl. og hadde borni Knut Anders, Nils og Guro. Knut budde på Bryn. Nils var tambur, gifte seg 1737 med Brita Knutsdr. Finne og fekk gard på Finne. Guro var 1711 gift med Halle Andersson Midtun.

Dei einskilde bruk

storeringheim_historie_Brudlaup 8

Bruk 1. Store Ringheim. Anders Arnfinnson, bygsla i 1730 av enkja etter Weinwich 2 laup 12 mark, som mor hans Anders hadde brukt. Dette vart bruk 1. Han kjøpte dette jordgodset i 1736 av løytnant Nicoll, som same året hadde kjøpt det på auksjon etter enkja åt Weinwich for 380 rd. 1 mark 8 skill. Anders hadde kjøpt odelsretten til dette jordgodset av løytnant Adam du Wahl. Anders var gift 1733 med Sisselja Steffadr. Midt Ringheim f. 1707, død 1774.

Skifte etter Anders var halde 1752. Deira born var: Arnfinn f 1737, Knut f. 1741, Gudve f. 1735, Kristi f. 1739 og Brita f. 1744. Arnfinn fekk gard på Bryn i 1758 og budde der. Knut og Gudve budde 1774 på Io på Herdla. Ho var g. m. Sjur Torgeirson. Kristi var gift til Lisseim med Styrk Johannesson. Brita gifte seg 1764 med Knut Brynjulvson Rokne. Han kjøpte gard på Jernes 1763, men bytte seg seinare til Ullestad. Ho Sisselja vart 1756 samd med lensmann Frantz Weinwich at ho skulde få bu på garden til 1761.

Ervingane etter Anders og Sisselja selde garden i 1760 til presten Jens Bergendahl. Synsforretning var halde 1762. Husi var gamle og skrøpelege og laut rivast er det sagt. Bergendahl selde att 1778 til Johannes Olavson. Han er skriven for Holo, då han 1765 gifte seg med enkja Orlog Olavsdr. Sundve f. 1723, død på Ringheim 1789. Johannes gifte seg 2. 1790 m. Rannveig Bjarnesdr. Mølster, og døydde 1802, 7O½ år gl. Ho Rannveig gifte seg upp att i 1804 med Mattis Åmundson Hefte og døydde 1824, 61 år gl. Han gifte seg 1831 m. enkja Ingebjørg Larsdr. Saude. Eit gamalt skåp med namnet åt Johannes og årstalet 1784 er enno på garden. Han brende brennevin og skulde ha anker, halvtunnor og tunnor med brennevin liggjande langs etter heile eine sida i det store loftet på Ringheim, er det fortalt. Johannes og Rannveig hadde borni: Orlog f. 1790, Brita f. 1794 og Olav f. 1797. Brita gifte seg 1822 til Saude med Ivar Olavson. Olav var gift 1832 som enkjemann m. Synneva Steffadr. Tvinne. Han fekk garden 1815 og 1822, men hadde ikkje born og let garden att 1833 til systri Orlog. Ho var g. 1818 m. enkjemann Sjur Person Tveito, Vossastr. Dei hadde m. a. sonen Per.

Per Sjurson fekk garden hjå foreldri sine i 1848 for 900 spd. Han var fødd på Tveito 1823, gift 1852 med Ingebjørg Ivarsdr. Saude og døydde 1896. Dei hadde borni: Sjur f. 1853, Rannveig f. 1859, Olina f. 1869, som alle døydde ugifte, Brita f. 1855, Ivar f. 1861 og Johannes f. 1864. Brita vart gift 1885 med Olav Olavson Ringheim, sjå bruk 4. Ivar gifte seg 1887 med Kristi Knutsdr. Rokne og fekk farsgarden i 1892 for 4800 kronor. Deira son Sjur fekk skøyte på garden i 1897 for 9600 kronor. Han er f. 1893 og g. m. Emma Samsonsdr. Flògo.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 50, lnr. 108 med gamal skyld 2 laup 12 mark, urevidert 5 dalar 2 ort 12 skill., revidert 5 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,74 etter at bruk 14 er skilt frå.

storeringheim_historie_paa.ski
storeringheim_historie_barn-på-ski_1
border

Store Ringheim i nyare tid

border

Garden kom i slekta vår i 1778, då han vart kjøpt av presten Jens Bergendahl. I 1860 vart det bygd eit nytt våningshus, ei lemstova, innåt den gamle årestova (Eldhuset) frå 1600-talet. Samstundes vart tunet gjort om til eit moderne frikanttun med ein gardsplass.

Etter at me gav oss med den tradisjonelle gardsdrifta, måtte me i tenkeboksen om kva me skulle bruka bygningar og jorda til. Etterkvart kom tanken om å arbeida med menneske. Det vart ein lang prosess med planlegging og ikkje minst søknader, før omforminga av tunet kunne ta til.

storeringheim_historie_svein og far i tunet
storeringheim_historie_0420-2

Etter år med riving, restaurering og bygging, kunne me i juli 2011 opna det som me då kalla eit gjestetun med restaurant, selskapslokale, pub og galleri.

Sommaren 2013 var neste milepæl då me opna vårt vesle boutiquehotell i det gamle Gardshuset, med 6 historiske rom.

Vinteren 2017 auka me romkapasiteten betrakteleg då me tok i bruk det gamle Reiskapshuset, der me no hadde bygd 9 moderne hotellrom.

I april 2019 var det opning av nye Restaurant Flor'n! Nytt konsept, nytt interiør og tilbake til røtene. Vekk med dei kvite dukane og heller spissa det jordnære og rustikke som passar betre i ein gamal flor. Lokal og ureist mat, menyar som speiglar sesong og råvaretilgang - kort sagt bærekraftig og smakfull mat er det me tilbyr gjestene våre.

border

"Velkomen til gards til ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine detaljar og ei heilt spesiell atmosfære"