Transport til hotellet

Voss ligg sentralt til mellom dei største norske byane, og du kan koma hit med tog, buss eller bil. Når du fyrst har kome deg til Voss finst det ulike måtar å kome seg til oss på:

  • Gratis henting og bringing

    Me tilbyr gratis transport i minibussen vår ved ankomst og avreise til Voss Stasjon. Dette må avtalast på førehand/ved booking, eller send oss ein epost på booking@storeringheim.no

  •  Bil eller motorsykkel: Gratis parkering

    Om de kjem med eigen bil eller motorsykkel, så har me gratis gjesteparkering. Det er ca 5 minutt å køyre til oss frå Voss Sentrum.

  • Buss

    Frå Voss Stasjon i sentrum går buss 964 retning Bavallen. Buss stopp i krysset til Mølstervegen, då er det 5 min å gå opptil garden.

  • Taxi

    For å ta taxi ringer du +47 56 51 13 40

• Sykkel

Sykkel er ein genial måte å ta seg rundt på Voss. Outdoor Norway tilbyr leie av el-sykkel og har base 5 minutt gange fra Voss Stasjon. Ta kontakt her: outdoornorway.com/rentals

Har du mykje bagasje? Ta kontakt og me henter den for deg! Å susa opp til oss på El-sykkel er ein nydeleg måte å starte din Vosscation! booking@storeringheim.no

El-sykkel med Outoor Norway

• Til fots

Me anbefalar vandreturen gjennom Voss sine rolege bustadområder frå sentrum og opp til oss. Her finn du små og store hus, flotte hagar, og kanskje møter du born som leikar i gatene. Det finst mange ruter opp til oss, den kortaste tek ca 25 min. Dersom du tåler litt bratt terreng kan du fint ta stien frå sentrum rett opp til Voss Folkemuseum (Vangen – Mølstertunet), og gå i høgden på Mølstervegen bort til oss. Her har du flott utsikt heile vegen. Har du bagasje når du kjem? Den hentar me gjerne for deg, ta kontakt eller gi oss ein lyd når du bookar!

booking@storeringheim.no

20250604_202526