Romantisk opphald

Store Ringheim_hotell_eldhuset-15-3

Romantisk opphald

StoreRingheim_dekorelement_svart

Lenge leve kjærleiken! Ta ein pause frå kvardagen og inviter din kjære på eit romantisk opphald hjå oss på Store Ringheim. Legg vekk mas og stress, sjekk inn, slapp av, senk skuldrene og nyt kvarandre i rolege omgjevnader og i ei heilt spesiell atmosfære.

Overnatting i Eldhuset, Stova eller Lemmen i Gardshuset. Fyr i peisen, sprudlande bobler frå Hardanger, sjokolade & blomar på rommet. Spaser over tunet bort til løa og ned i Restaurant Flor'n der de vert servert dagens 5 rettars smaksmeny, laga av sesongens beste råvarer.

Nyt god mat, drikke og kvarandre i unike omgjevnader. Etter ei god natts søvn smakar det godt med ein skikkeleg heimelaga frukost før det er tid for heimreise.

Pakka inkluderer; 

  • Overnatting i historisk rom/junior suite 
  • Bobler, blomar & sjokolade på rommet
  • 5-rettars smaksmeny i Restaurant Flor'n
  • Ein god heimelaga frukost

Pris frå kr. 6.380,-  pr.natt for 2 personar.

Romantisk opphald er tilgjengeleg ved innsjekk torsdag, fredag og laurdag - året rundt.

StoreRingheim_dekorelement_svart
StoreRingheim_dekorelement_svart