Hotellet på Store Ringheim

Eit fullkome opphald gir ro i sjela

For deg som søkjer det vakre, det fredfulle og det eksklusive

I den vestnorske landsbygda Voss finn du Store Ringheim Hotel – eit eksklusivt boutiquehotell omgitt av fjell, skog og levande kulturlandskap. Her ventar ei oppleving for deg som set pris på kvalitet, ro og personleg service. Frå smakfulle måltid og lune rom til velvære og natur tett på. Hos oss er kvart rom unikt, kvar detalj gjennomtenkt for å gi deg ei kjensle av luksus og kvile.

Himmelske freds plass På Store Ringheim

Gjesteanbefaling

"Nydeleg stad med fantastisk mat og hyggelege folk. Eg vil anbefale dette til alle som vitjar Voss. Det mest magiske er å sitje i hagen når morgondisen lettar og panoramautsikta kjem til syne!

Eit lite tips: Ikkje prøv å gå frå togstasjonen med bagasje. Det ser kanskje greitt ut på Google Maps, men det er i røynda ein 30-minutts fottur opp eit fjell."

- Albert Bozesan, Google guide

Passar hotellet for deg?

Dersom du har har ein eller fleire av fylgande interesser er Store Ringheim Hotell som skapt for deg!

border

Kulinariske opplevingar

Nærleik til natur

Aktiv ferie

Økoturisme

Zen

Romantisk

Familie

Workation

Eksklusiv overnatting i historiske omgjevnader

Dei to restaurerte overnattingshusa har røter i garden si historie, der moderne komfort møter rustikk eleganse. Kvar detalj er valt med omtanke, og atmosfæren er både varm og eksklusiv – perfekt for deg som ønskjer eit opphald med særpreg, ro og kvalitet.

StoreRingheim_dekorelement_svart
StoreRingheim_LOGOSYMBOL_kvit

Gardshuset

Rustikk eleganse med røter i historia

I det sjarmerande Gardshuset bur du i eit restaurert hus frå 1800-talet, der kvar bjelke og stein ber på ei historie. Her får du ei eksklusiv oppleving med romsleg atmosfære, stilfull innreiing og fredfull utsikt over kulturlandskapet. Perfekt for deg som ønskjer noko heilt unikt – med både sjel og standard.

Sjå romma her

StoreRingheim_LOGOSYMBOL_kvit

Reiskapshuset

Eit stykke historie med moderne komfort

Det gamle reiskapshuset er forvandla til eit eksklusivt og stemningsfullt overnattingshus med 9 rom, der det originale tømmeret møter moderne komfort. Her bur du tett på garden si historie, med lune detaljar, høg standard og ei heilt eiga atmosfære – perfekt for eit roleg opphald med særpreg.

Sjå romma her

Populære fasilitetar

Store Ringheim er klassifisert som eit 4-stjerners hotell. Her er noko av det som gjestene våre set pris på:

border

Restaurant med lokale råvarer

Eksepsjonelt god frukost

Bar

Kunstutstillingar

Familierom

Sansehage

Komfortable senger

Gratis Wi-Fi

Gratis parkering

Gratis transport ved ankomst og avreise

GÅVEKORT

border

Gode opplevingar skapar gode minne - og er ei perfekt gåve til alle anledningar! Kva er då betre enn eit gåvekort på ei hotellovernatting og/eller ei smaks-oppleving i Restaurant Flor'n?

Me har våre eigne fysiske gåvekort for sal i resepsjonen. Du kan og kjøpa gåvekort til bruk hjå oss via Givn eller De Historiske.

storeringheim_gavekort_01