Ølsmaking & 3-rettars middag
For grupper (firma, organisasjonar, vener m.m.) byr me på "Ølsmaking med noko attåt", i samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri og sjefsbryggar Rune Midttun.
Etter ølsmakinga serverer me dykk ein smakfull 3-rettars middag, enten i Smalaflor'n eller Restaurant Flor'n.
Ølsmaking med noko attåt & 3 rettars middag;
- Smaking av 3 sortar øl & 1 sort cider
- Litt spekemat frå vår eigen gardsmatproduksjon
- Historie om ølbrygging i Norge gjennom tidene, kveik og andre spanande fakta servert på vossamaol av bryggjaren sjølv
- Obligatoriske røvarhistoriar
- 3-rettars middag, laga av dei beste lokale & kortreiste råvarene på Store Ringheim vis.
Gjeld for grupper på minimum 12 personar.
"Ølsmaking med noko attåt" er perfekt å kombinera med møte-/kursopphald, anten her hjå oss eller andre stader i bygda vår.